Authors:Ingunn Aadland Pages: 277 - 278 Abstract: I haust vart læreboka Religioner og hverdagspluralisme i barnehagen trekt tilbake frå marknaden etter kritikk for både mangelfull og feilaktige framstilling av jødisk tru. (Gunnar Magnus Eidsvåg har meldt boka, og deler sine refleksjonar om den i dette nummeret). Det er sjølvsagt ugreitt å spele på stereotypiar i ein fagleg formidlingssituasjon, men så skjer det likevel, rett som det er. For i forsøket på å underhalde og bli forstått er det lett å ty til tilsynelatande effektive formidlingsformer.
Vi kan mindre om religion enn før. Folk flest kjenner betre til ideen om Bibelen enn Bibelen sjølv, og ein kan ha klare førestillingar om Koranen, sjølv utan å ha lese ein einaste tekst. Dette kulturelle kunnskapstapet gjør oss meir sårbare og mottakelege for stereotype framstillingar. Sjølv den religiøse eksperten er prega av kulturell konvensjon. Så korleis oppfattar vi, forstår vi og diskuterer vi religion' Og kva førestillingar har eleven og læraren med seg om dei heilage skriftene'
Ifølge Knut Lundby er religionen i medias grep. Media set agendaen, og bestemmer utvalg og framstilling. Vidare peikar han på at mediene, i kampen om vår merksemd, nettopp bidrar til både «annengjøring» og «alminneliggjøring» av religion.1
Media er heilt klart med på å setje premisset for korleis religion blir aktualisert i både skulen og kyrkja. Media er med på å definere kva som er aktuelt ved å aktivere særskilte fenomen og forteljingar. Slik dannar det seg meir eller mindre etablerte førestillingar om kva «Bibelen seier», og kva «kristen kulturarv» representerer i motsetning til andre religiøse impulsar. Audun Toft talar om kulturelt etablerte koplingar mellom vald og religion.2 Sjølv har eg vore oppteken av slike koplingar mellom religion og marginalisering av kvinner– og særleg i pedagogisk barnelitteratur.3 Gunnar Håland har og peikt på stigmatisering av det jødiske i barnebiblar.4 Mitt inntrykk er at førestillingar og framstillingar av Bibelen samstemmer med medialiseringa sin tendens til å skape «annangjering» og «alminneleggjering». På den eine sida tenkjer ein at Bibelen er kjelda til vestlege verdiar om nestekjærleik. Slik alminneleggjeres Bibelen, og ein vert leia til å tenkje at Jesus er vår samtidshelt, og at Bibelen sin verdiar samsvarer fullt og heilt med eins eigne. På den andre sida er Bibelen, og dens lesar, gjerne framstilt som uttrykk for fundamentalisme. Den Bibelen som tillater mord og krig og som undertrykkjer kvinner, passar berre inn i vår kultur som noko anna. Det er slik sett påfallande at både den «alminnelege» og den «annangjorde» Bibelen stigmatiserer både kvinner og [278] det jødiske. Kanskje er dette nettopp fordi dei spring ut av våre eigne stereotypiar og ikkje berre Bibelens' Den som gjer framstillingar av andre, utøver makt. Det gjeld konfirmantlæraren, læraren, læreboka og media. Med slikt makt kjem behovet for kunnskap og kritisk evne til å reflektere over makta ein besitter. Korleis sikrar vi respektfulle, nyanserte og reflekterte framstillingar av andre' Og korleis kan religionsfaget bidra til dette' Som lærar er det verdt å gå i seg sjølv. For vi har vel alle førestillingar og forventingar knytt til religiøse andre. Og ein lyt spørja seg: Kva kan eg, og kva baserer eg mi forståing av andre på'
Dette nummeret inneheld forskingsartiklar om autoritetsdeling i konfirmantarbeid i Den danske folkekyrkja og vidaregåande elevars involvering i arbeidet med heilage skrifter i religionsundervisninga, i tillegg til ein refleksjonsartikkel om fadderrolla, eit bokessay og ei rekkje bokmeldingar. Alle artiklane i dette nummeret har involvering som ein verdi.
Marit Sofie Teistedal reflekterer om fadderrolla som ein gløymd ressurs i Den norske kyrkja. Geir Magne Flø og Sverre Dag Mogstad finn at elevane er prega av media si framstilling av religion, og at dei mistenkjer også læraren for å ta omsyn til nettopp dette. Anna Døssing Gunnertoft finn mellom anna at konfirmantar saknar den ærlege presten, og at konfirmantlæraren kanskje ikkje har sett seg tilstrekkjeleg inn i konfirmantens røynd.
Involvering handlar om å sleppe til andre, og å fordele makt. Men kva skjer med makt når den fordeles' Og kva forventingar har ein til kvarandre' Involvering set i gang prosessar ein ikkje har kontroll over. Det kan vere krevjande. Men vi treng å utsetje oss for kvarandre. Våre førestillingar av kvarandre må gjensidig testast av røynda. Enno viktigare om vi berre møtes gjennom skjermen.
God lesnad!
1 Lundby, Knut (2021). Religion i medienes grep. Medialisering i Norge, Oslo: Universitetsforlaget, s. 16.
2 Toft, Audun (2021). «Killing in the name of <insert god here>: Religion som ... PubDate: 2022-01-14 DOI: 10.5617/pri.9352 Issue No:Vol. 72, No. 4 (2022)
Authors:Geir Magne Flø, Sverre Dag Mogstad Pages: 279 - 297 Abstract: I denne artikkelen undersøker vi hvilke faktorer som kan bidra til elevers involvering i arbeidet med hellige skrifter i videregående skole. Tidligere forskning har belyst dette i svært liten grad, og for å kaste lys over temaet, analyserer vi semi-strukturerte intervjuer med fem elever som har religion og etikk. Rammeverket er sosiokulturelt, og det teoretiske grunnlaget er aktivitetsteori (Engeström), religionsvitenskap (Watts), medievitenskap (Hjarvard) og hermeneutikk (Ricoeur). Analysen viser at nyhetsmediene spiller en sentral rolle i tekstarbeidet og i elevenes tolkning av undervisningen. Dessuten viser vi, med utgangspunkt i Ricoeurs hermeneutikk, hvordan elevene filtrerer vekk objektive aspekter ved de hellige tekstene, enten med utgangspunkt i troen på vår egen samtids fortreffelighet eller utfra deres forståelse av religionsfagets egenart. Avslutningsvis diskuterer vi de didaktiske implikasjonene av funnene. Nøkkelord: Hellige skrifter, elever, nyheter, medier, Ricoeur, tolkning, hermeneutikk PubDate: 2022-01-14 DOI: 10.5617/pri.9353 Issue No:Vol. 72, No. 4 (2022)
Authors:Anna Døssing Gunnertoft Pages: 299 - 314 Abstract: This article examines how authority is negotiated and shared by ministers engaged in confirmand work in the Evangelical Lutheran Church in Denmark. The ministers have formal authority establishing the framework and structure of the learning fellowship. They are also theological experts. However, authority is negotiated and attempt is made to share it in the confirmand class. The ministers do not wish to appear as all-knowing teachers as the confirmands may have had authentic experiences of Christianity and are, therefore, possible contributors to the learning process supplementing the ministers’ theological knowledge: the role of teacher and pupil are exchanged among the participants. In the analysis, the typology of Weber nuances the concept of authority as seen in three different cases. Keywords: confirmation work, Christianity, learning process, shared authority. PubDate: 2022-01-14 DOI: 10.5617/pri.9359 Issue No:Vol. 72, No. 4 (2022)
Authors:Marit Sofie Teistedal Vikre Pages: 315 - 324 Abstract: Hvordan kan kirken bidra til å styrke fadderrollen' Menigheten og hjemmet har tilgang til hverandre gjennom dåpsregister, dåpssamtale og invitasjon til trosopplæringssamlinger og kontinuerlige tiltak i menigheten. Fadderne som den tredje part i trosopplæringsansvaret kan oppleves mer utydelige i samarbeidet. Utgangspunkt for artikkelen er min masteravhandling med tittelen: «Et bidrag til en fadderteologi.» Med bakgrunn i min studie reflekterer jeg i denne artikkelen over hvordan informasjon og kontakt i forbindelse med dåp kan forbedres. PubDate: 2022-01-14 DOI: 10.5617/pri.9362 Issue No:Vol. 72, No. 4 (2022)
Authors:Gunnar Magnus Eidsvåg, Asbjørn G. Håkonseth, Hallvard Håstein Pages: 330 - 341 Abstract: Kristin Johansen Horrigmo og Kristine Toft Rosland (red.). Fagdidaktikk for SRLE: Barnehagens fagområder, kunnskapsgrunnlag og arbeidsmåter. Cappelen Damm Akademisk, 2021. Kjartan Belseth og Geir Winje. Religioner og hverdagspluralisme i barnehagen. Cappelen Damm Akademisk, 2021. Anmeldt av Gunnar Magnus Eidsvåg Caroline Klintborg. Vägen är allt. En introduktion till religionspedagogik för den kristna församlingen. Argument Förlag, 2021. Anmeldt av Asbjørn G. Håkonseth Markus Lindholm. Nysgjerrighet. Dybdelæring i informasjonssamfunnet. Universitetsforlaget, 2021. Anmeldt av Hallvard Håstein PubDate: 2022-01-14 DOI: 10.5617/pri.9364 Issue No:Vol. 72, No. 4 (2022)